Folkens, no har eg skreve eit kåseri om at ungdom i dag er altfor opptekne av utsjånaden sin. Dette var ein oppgåve vi jobba med i førre norsktime, og no er verket tilnærma ferdig. Det er berre eit førsteutkast, men dykk får kose dykk med det uansett! Det er sjølvsagd skreve på nynorsk – eg elskar Ivar Aasen.
______________________________________________________________________Ungdom i dag er altfor opptekne av utsjånaden sin. Dei er faktisk så besette av å sjå bra ut at dei ofrar søvn og fornuft for tid framfor spegelen! Alt handlar om hår, sminke, klede og tilbehør, og sjølv gutar har latt seg føre med denne bølgja av skjønnheitshysteri. Nokon av dei brukar til og med sminke, enda det virke meir maskulinitetsdrepande enn forfinande, synast no eg. Eg som kvinne har full forståing for andre kvinner sitt behov for litt sminke, behovet for kjensla av å vere vakker, men menn burde no ein gong vere menn. Heldigvis er det berre ein ubetydeleg brøkdel gutar som ikkje meiner det. Av jentene er det derimot berre brøkdelar som ikkje sminkar seg.
I friminutta er vanlegvis toaletta fylt til randen av jenter med diverse kostar som gjer iherdige forsøk på å sjå seg sjølv i den blanke plata på veggen. Når vesle meg opnar toalettdøra og kjem for å gjere mitt fornødige, tyt det menneske ut, og eg blir nærmast slått overende av ein bøling sminkande personar. Nesten i kvart fall. Sjølv er eg er absolutt ikkje så ille når det kjem til sminking!

Likevel er det visst mange som trur det. Folk står opp ein time tidlegare enn det som er naudsynt berre for å forstørre ansiktsmassen sin med ein centimeter, og håret med ti. Korleis har det blitt slik? Kven veit? Det eg faktisk veit er at det går nedover på skjønnheitsbarometeret for norske ungdom i staden for oppover. Nå ja, ikkje all ungdommen så klart; det finnast dei som berre får alt til å klaffe, klarar å gløde blant dei andre. Noko av det kan vi klandre gode gen for – då føler vi oss litt betre med ein gong, men dei gjer noko riktig også. Kanskje burde vi lære av dei før det er for seint, før alle blir meir opptekne av å sjå på seg sjølv i spegelen enn å sjå andre inn i auga. Vi må roe ned. Held det ikkje med litt maskara?
Nei, det held ikkje med litt maskara, og det gir meg lyst til å gjennomføre eit eksperiment: Når eg blir verdsherskar skal eg stoppe sminkeproduksjonen – berre for moroskuld. Eg mistenkjer at det ville hatt stor innverknad på det sosiale livet til jenter; ingen vil gå ut utan sminke på – med unnatak av Yvonne Murray som kler sin naturlege glød. Kanskje rasar heile samfunnet saman, kanskje er vi avhengige av å tro vi ikkje er stygge bare vi tar på sminke. Ja, når eg blir verdsherskar skal eg finne ut kor opptekne vi eigentleg er av utsjånaden vår. Ungdommen skal få lide. Om alle fell til bakken er påstanden min bevist, då er vi definitivt for opptekne av utsjånaden.
______________________________________________________________________
Av: Merete Stene
Kilder:
- http://www.media.allerinternett.no/php/obj.phpi?o=3381879&w=705&h=0&ee=1264850564
Utrolig morsomt, Merete! :D Jeg tror du blir en god verdenshersker ;)
SvarSlett(Og takk for komplimentet!) :)
Dette var eit artig kåseri! Pass berre på at du ikkje sklir inn i artikkel/debattinnlegg. Men her stiller su sterkt, både i språk og sjanger. Flott!
SvarSlett