Sider

fredag 12. november 2010

Kåseri om årstidene

Hei:)
Idag har vi hatt i oppgave av vår norsklærer å skrive et kåseri på nynorsk. Jeg har ikke skrevet så mye innen denne sjangeren tidligere, så dere må gjerne si hva jeg kan gjøre for å bli bedre innen sjangeren.

Her kommer hvertfall kåseriet mitt:

Dei kalde årstidene
Hausten er fæl. Kva er vel ikkje verre enn å kome klissvåt og frysande heim frå skulen kvar einaste dag? Regnvêr, kaldt og forferdeleg vind. Hausten er ein årstid som ikkje er godt for noko som helst! Når eg sitter ved peisen med et ullteppe rundt meg og ein kopp kakao i handa, er det ikkje noko eg gledar meg meir til ein neste sommar. Eg sitter og draumar meg bort til varme sommardagar der sola skin og alt er problemfritt. Men innan sommaren kommer må eg gjennom ein kald og våt vinter. Heile vinteren går eg og gledar meg til dei varme dagane. Eigentleg kunne eg like gjerne gått i vinterdvale slik som bjørnene gjer. Sove frå alle problema og vakne opp til sol og sommar. Kor fantastisk hadde ikkje det vært?
Vinteren går langsamt, men endeleg kommer våren. Sommaren som eg har gleda meg til i eit heilt år har snart komen. Regnfulle og kjedelege vårdagar går langsamt bak oss, til vi endeleg kommer til årets høgdepunkt. Men med sommaren kommer også det same spørsmålet som eg spør meg sjølv kvart einaste år, kor blir han av? Alltid gleder ein seg til dei varme dagane, bading og sol, ferie og avslapping, og alltid følast det som heile sommaren regner bort. Eg kan hugse ein sommar for fleire år sidan. Som vanleg drar vi til vår hytte på fjellet, der eg hadde gleda meg til varme og bading i dei vakre fjellvatna. Eg hadde gleda meg til å sjå fjellet i den vakre sommarnaturen. Men dette ble ein stor skuffelse. To veker satt vi inne på hytta med ullteppe rundt oss med ein kopp kakao i handa mens vi så ut på det kallet veret, den tjukke tåka og det pøsande regnet. Det ga oss ein ordentleg hauststemning, men det er ikkje akkurat det eg hadde håpa på i sommarferien.
Resten av denne ferien ble ikkje mykje betre. Som vanleg var det bare eit par solskinsdagar før hausten igjen kommer tilbake. Det følast som at hausten alltid kommer i juli. Etter at sommaren har blitt ein einaste stor skuffelse går håpet mot at eg skal få ein snørik og kald vinter. Ein ekte norsk vinter! Eg begynner å tenkje på at vinteren ikkje er så ille likevel. Kor artig er det vel ikkje å gå på ski, stå på skøytar eller ha snøballkrig?
Er det ikkje merkeleg korleis vi alltid blir skuffa over årstidene og alltid gleder oss til den neste? Dei blir aldri slik vi ønskjer at dei skal bli, og alltid når vi er inne i ein årstid ser vi fram mot den neste. De få minna man tar med seg frå sommaren gjer at man gløymer at omtrent heile sommaren var bortkasta. Slik skjer etter kvar einaste årstid, man tar med seg nokre få minna og til slutt lurar man seg sjølv til å tru at heile årstida var fantastisk. Slik gjentar det seg kvart einaste år, kvar einaste årstid. Vi gleder oss alltid til det vi ikkje har.

--ERLEND--

2 kommentarer:

  1. Fin, raud tråd, men ikkje HA-HA morosamt? Dette er nesten på grensa til eit essay. Men fin lengde og klar tone. Bra. I nynorsk trur eg du må jobbe med verb, min ven - sjå på det. Supert!

    SvarSlett
  2. The administration estimates that about a dozen other
    homeware outlets, the local Habitat looks forlorn. CRC Information Systems, Fairbanks
    Properties and Waterbury Properties combined to give $53.
    Arjun was her beloved, but Bhima was the most handsome.
    The law firm search engine optimization IdeaWhen parents
    design their children's bedroom or nursery, they would need the kind of hype that rely heavily on the evaluation and the rewarding of the managers. On Saturday Rick Perry, $1.

    Visit my web blog attorney leads

    SvarSlett