LØVENES KONGE
Handlinga:
Løvenes Konge (original tittel: The Lion King) er ein Oscar-belønna animasjonsfilm. Filmen handlar om ein ung løve i Afrika som heiter Simba. Faren hans, Mufasa, er kongen i Løverike. Han har ein slem bror som heiter Scar, som vil gjere alt for å vere konge. Han har også planar om å drepe Mufasa og Simba. Planen med å drepe kongen vert vellukka og han får Simba til å rømme. Scar seier at Simba har skulda for at faren vart død. Han ber derfor Simba om å springe sin veg og aldri kome igjen att. Derfor blir Scar sjølv konge, og får Løverike for seg sjølv. Simba vaknar etter kvart opp på eit heilt framand stad, langt vekk frå løverike. Der møter han Timon og Pumpa. Simba, Timon og Pumba blir bestevenner, og etter kvart har Simba nesten heilt gløymt alt som har skjedd i fortida. Etter at mange år har gått, kjem det eit uventa besøk. Ein løvinne frå løverike, Nala, som vart Simbas bestevenn då dei vart små. Ho fortel at Løveriket er heilt øydelagt no som Scar var konge. Ho overtala han til å vere med tilbake til løveriket, der han kjempe mot onkelen sin, slik at han sjølv kan vere konge. Simba vinn kampen mot Scar, og blir den nye Løvenes Konge.
Hovudkarakterane:
Vi får sjå mange dyr i laupet av filmen, men det er dei viktigaste karakterane som har fått namn. Simba er hovudpersonen i filmen, og Kong Mufasas son. Vi møter også Nala, som er Simbas venninne, noko som utviklar seg til noko meir når dei blir eldre. Mufasa er ein respektert Konge, og Sarabi er kona, og mora til Simba. Rafiki er den morosame apekatten, som er den trufaste hjelparen til kongen. Timon er ein smart marekatt, som er Pumbas trufaste følgjesvenn. Pumba er eit stort vortesvin og òg Timon sin trufaste følgjesvenn. Zazu er ein fugl og ein nær ven av Mufasa. Han er også Simbas barnepassar. Scar er ein sjalu og dystar løve. Han har nokon hyenar som er hans medhjelparar, i tillegg til å vere broren til Mufasa.
Vennskap
Bodskap:
Løvenes Konge har etter min meining fleire bodskap. Det eine er at dyra har sin eigen plass i livets sirkel. Det andre er at dei døde ikkje er borte, men fortsatt ein stad inn i oss. Eit anna er når Rafiki fortel Simba at man ikkje skal flykte frå sin forgang, utan å lære frå den. Men hoved bodskapen meiner eg er Timon og Pumbas ”Hakuna Matata”. At man skal ta dagen som den kjem, og at man ikkje skal henge seg opp i små detaljar. Men eg meiner også at eit av dei viktigaste bodskapane er at man skal stå opp og kjempe for det som er sitt.
Handlingsgongen:
Løvenes Konge har ein kronologisk handlingsgong. Vi startar med begynninga og avsluttar med sluten, utan å hoppe fram og tilbake tid.
Lyd, ljos og bilete:
Filmen er vakkert teikna, og inneheld fantastisk musikk, noko som er med å prege filmen.
I begynninga av filmen ser vi at sola står opp over den Afrikanske savannen, med afrikansk musikk i bakgrunnen. Deretter ser vi at dyra spring, går, hoppar og flyr mot Løveklippen, for å sjå på den nye løveungen. Her er kameravinklane brukt (bruka) forskjellige. Når dei til dømes filmar dei store elefantane, har dei brukt froskeperspektiv, får framheve at dei er store. Det same gjeld Mufasa. Dei har valt å filme i froskeperspektiv får å vise at han er ein mektig løve. Resten av filmen er i hovudsak filma i normalperspektiv, men med noko nærbilete for å få med kva dei gjer, og eit heilt bilete for å vise den fantastiske naturen.
I begynninga av filmen ser vi at sola står opp over den Afrikanske savannen, med afrikansk musikk i bakgrunnen. Deretter ser vi at dyra spring, går, hoppar og flyr mot Løveklippen, for å sjå på den nye løveungen. Her er kameravinklane brukt (bruka) forskjellige. Når dei til dømes filmar dei store elefantane, har dei brukt froskeperspektiv, får framheve at dei er store. Det same gjeld Mufasa. Dei har valt å filme i froskeperspektiv får å vise at han er ein mektig løve. Resten av filmen er i hovudsak filma i normalperspektiv, men med noko nærbilete for å få med kva dei gjer, og eit heilt bilete for å vise den fantastiske naturen.
Ljoset er også brukt veldig bra. Et eksempel med det, er da to sjiraffar kjem gåande over ein klippe i skuggen, og ut i sola. Der står dei og ser på dyra som går så støvet fyk. Eit anna eksempel er når sebraene spring, og man ser skuggane etter dem. Når det gjeld fargar, har dei vonde fått mørke fargar. Dette er for å framheve det slemme, og vise ein kontrast mellom det vonde og det gode. Dei snille har fått lyse og klare fargar, som er med på å vise kjærleik og glede. Dette gjør også at barna skjønn kvem dei skal ”halde” med. Til dømes då Scar var konge, var alt i mørke dystre fargar. Då Simba vender tilbake blir graset grønt og alt blir til lyse fargar. I noen songar i filmen, har de valt å forandre på fargane på naturen og dyra rundt. Dette har dei gjort for å få meir humoristiske og spennene scener som man følgjer med på. For eksempel billene i songen Hakuna Matata.
En annen ting dei har greidd å få fram på ein fin måte er den Afrikanske naturen. Kutteeffektane føregår naturleg. Det er få gonger det er ein brå overgang mellom dei ulike scenene. Som eit virkemiddel for å vise at tida har gått, ser vi at Simba vandrar saman med Timon og Pumpa, som liten og går over til voksen, i same scene på same stad. Som eit anna virkemiddel har dei mange songar der løvene, og fuglen syng. Dette fenger barn og vaksne fordi alle lika sang og musikk.
Min meining:
Eg har alltid elska Løvenes Konge, og det vekkjer gode barneminna når eg sett den på. Det at eg, og mange andre framleis kan songane som er med i filmen, tyder på at det har vore gode virkemidla. Det er også fantastisk å sjå kor godt det er teikna og at filmen er så underheldene som den er. Eg synast også at det er ein utruleg god historie, som passar for både store og små. Eg( høyras) kanskje ut som ein veldig emosjonell jente no, i og med at eg sa kor mykje eg gret på min tidlegare analyse, men eg må innrømme at tårne mine rann da eg vart liten. Scenene som fekk tårane mine til å trille, i denne filmen var da Simba var heilt forlét, og ropte: ”Er det nokon her?” og da Mufasa døydde. Timon og Pomba har fått meg til å le mykje med sine morosame kommentarar og veremåte. Eg har kjent meg nervøs gjennom slåsskampar, og kjent på glede når løvene møtes igjen, og når Simba blir Løvenes Konge. Eg reknar også med at dei fleste har sett filmen, kanskje opptil fleire gonger, og er enig om at filmen er utruleg bra. Eg gir den derfor ein høg karakter. 5+
Kilder: Løvenes Konge" filmen
For ein flott analyse, Caroline! ok, så er ikkje nynorsken den beste eg har sett, men lengda og dei gjennomtenkte orda er heilt supre. Eg saknar kanskje ein betre tilknytning mellom tematikk og bodskap, men elles får du fram MYKJE interessant. Flott layout og - bra jobba!
SvarSlettPS - eg vil ha meir LIV på bloggen, kom igjen, siste ajnse før fredag :)
SvarSlett