
Den legendariske rockeoperaen Jesus Christ Superstar skriven av Tim Rice (tekst) og Andrew Lloyd Webber (musikk) har denne hausten gått for fulle hust på Hovudscenen på Det Norske Teatret.

I 1970 kom rockeoperaen ut på plate, og gjekk til topps på hitlistene i USA. Filmen frå 1973 har òg blitt ein klassikar. Historia skildrar Jesus’ siste dagar med musikk, rock og dans som ramme, noko som vekte både protestar og jubel.
Vokalisten Hans-Erik Dyvik Husby frå Turboneger er ein av dei verkeleg store norske rockestjernene. Bandet har ein stor fanskare både heime og internasjonalt. Turboneger er særleg kjend for dei spektakulære sceneshowa og den unike death-punken. Når Hans-Erik Dyvik Husby no tek steget frå musikkscenen til teaterscenen måtte det bli i hovudrolla som Jesus i Jesus Christ Superstar.
Erik Ulfsby har regi på Jesus Christ Superstar. Han gjorde stor suksess i fjor med kultframsyninga Jungelboka på Det Norske Teatret. Her er handlinga lagt til ein mørk asfaltjungel og framsyninga er proppa med popkulturelle referansar, elektronika, break og hiphop.

I Det Norske Teatrets utgåve av Jesus Christ Superstar ønskjer vi å plassere historia tydelegare i samtida vår. Kven har Jesus rundt seg? Kva gjer han opprør mot? Kven solidariserer han seg med? Og kven er motstandarane hans? Oppsøkjer Jesus Bispemøte eller uteliggjarar, stortingsrestauranten eller Plata? Kven vil samle seg rundt Jesus som disiplane hans, og kven vil dømme han?

Regissør Ulfsby og rockar Husby har funne kvarandre i ønsket om å lage ein versjon av Jesus Christ Superstar som igjen gjer Jesus til ein aktuell opprørar. Scenografi i Jesus Christ Superstar er ved Nora Furuholmen, kostyme ved Even Børsum, koreografi ved Belinda Braza og musikkprodusent er Atle Halstensen.
XoXo /Jonas!
Hugs kjelder, Jonas! Eg synast kanskje du skulle ha fokusert meir på den analytiske delen enn på personar i stykket. Det er i det minste bra at du har lagt ut noko. Tommel opp!
SvarSlettHilsen Lille-Merete
Eg er enig med vesle-Merete :) Og du manglar eit innlegg...
SvarSlettPlæææh
SvarSlett