Alder er ikkje berre eit tall, det er også ein livsstil. 18 er ein alder alle gleder seg til heilt frå ein fyller tolv år. Man kan køyre bil, motorsykkel, avgjere over seg sjølv og kjøpe alkohol (ein kan faktisk nyte han og). Men det å fylle 40 er ikkje fullt så kult. Dette er altså eit problem. For kvart år som går blir ein eit år eldre. Merkeleg? I grunn ikkje, sånn er det berre, sjølvom mange ikkje innser det.
Då eg var yngre, hugsar eg kor sakte tida gjekk. No som eg går på vidaregåande skule forsvinn dagane fortare enn eit jagarfly med medvind. Av einkvan grunn blir ein eldre. Eg òg. Sjølvsagt blir eg det, «deal with it», men eldre menneske i ein alder av, til dømes 40, vil ikkje vere meir enn 25. Kva får dei til å tru at verda ikkje går vidare? Følgjer dei ikkje med? Til og med eit spedbarn vil forstå dette. Når vaksne (som dei helst vil bli kalla) innser at dei er over 30, får dei panikken, og lauper rundt i ring. Eg husker da tanta mi blei 40, da bleika ho håret, kjøpte seg rosa joggedress. Ikkje nok med det, hun laga seg også facebook, og begynna å bruke ord som lol og k9z.
Alt dette for at dei skal føle seg yngre. Den psykiske helsa altså, det er alt. Og kva er eigentlig den psykiske helsa? P-sykisk? Eg lurer på kvar p-en kjem inn i bilete, greitt nok er det mange Pappskallar her ute, men kva med resten. Helse er noko ein ikkje eingong kan sjå med det blåtte auget. Kvifor ikkje? Men ein ting som er sikkert, når eg blir over 40 skal eg leve livet på meir normalt vis. Eg skal jo ikkje innom overgangsalderen. Det er trass alt noko ein avgjer sjølv det, iallfall i følgje mor, når ho klagar på far sine rare ider. Det dukkar òg opp mange diskusjonar, til dømes om ein skal pusse opp badet eller soverommet. Dette må vere noko som blir eit problem for dei over 30. Det er tross alt ingen unge par på skulen som kranglar om akkurat dette. Teke litt ut av samanhengen? Kanskje, men poenget er at ein faktisk blir eldre.
Så kvifor ikkje gjere det bestet ut av situasjonen, like gjerne. Kjøp deg ei svart t-skjorte der det står «Halvveges til 80». Sett på Wenche Myhre songen «66 år», gløym «Autofil» eller «ViMenn», no er det «Kamille» eller «Vi over 60» som rår, start ein syklubb. Og når fredagen kjem, kos deg med Julekake og Skavlan på NRK1. Kva for eit herleg liv!
Morosamt til tider, men eg skal gje deg same kommentaren som eg ga Merete - pass på at du ikkje sklir inn i kommentar/debattinnlegg/artikkel - vær forsiktig med for mange spørsmål, for eksempel. Elles: hald på ironien og humoren og tenk at du pratar til nokon! Lykke til :)
SvarSlettBeing proactive and applying forward thinking
SvarSlettis important to develop a rapport. Our goal is to develop a
positive Sand Quarry For Sale image. Unlike in Asia,
Europe and the US also knew the risks and reduce them in
an environment where our members build and develop real relationships and strategic alliances.
Your Word Press, 360 Blog Yahoo, or Blogger site can be used on ESPN's media platforms.
My web site; pennsylvania quarries