Sider

fredag 5. november 2010

Det smakar tran, men det er det som hjelper.

Hei, vener! Eg har valt å skrive ein analyse til. Denne gongen fann eg ein om tran - eit produkt eg tolkar som vanskeleg å selje, og i tillegg kan dykk nyte at analysen er skrive på nynorsk.Eg er nok ikkje ein stor fan av nynorsk eigentleg, men i følgje bloggoppgåveteksten skulle ein av tekstane vere på nynorsk, og då er det ikkje mye eg kan gjere med den saka. Eg får berre ta det som ei utfordring!

Problemstilling: Korleis er virkemidla i denne reklamen brukt for å selje eit produkt som i utganspunktet ikkje er så godt likt som ønskjeleg?
_____________________________________________________________________________

Analyse av reklamefilm
Möllers tran – Det smakar tran, men det er det som fungerer.

 

Mitt førsteinntrykk: Lys, behageleg.
Kommunikasjonssamanhengen: Det reklamerast for Möllers Tran på tv. Reklamefilmen varar i 51 sekundar. Målgruppa i denne reklamen er dei som ønskjer å ta vare på si eiga helse, men kanskje ikkje er så heilhjarta i treninga som dei burde.
_
Beskriving: Olaf Tufte, OL-vinnar i roing, knyttar skoa sine og gjer seg klar til ei treningsøkt. Deretter byrjar han å springe nedover vegen. Gjennom heile joggeturen tek han snarvegar fordi han seier han ikkje orkar alle bakkane, og det å ta rulletrappa gjennom eit senter er tydelegvis raskare og meir tidssparande enn å springe rundt. Han tek også bussen, og vips så er han heime igjen. Då seier han ”Og slik trenar eg… Nei, eg gjer jo ikkje det”. Han tek av seg skoa igjen mens han snakkar om korleis det ikkje nyttar å ta snarvegar, og vandrar inn på kjøkkenet der han opnar kjøleskapet. Han fortel at han tek tran kvar dag, og drikk ein slurk frå tranflaska. ”Det smakar tran, men det er det som fungerer.”
Tolking: Eg tolkar denne reklamen som et forsøk på å gjere folk oppmerksame på at ein må jobbe for å klatre oppover, samtidig som han gir oss ein løysning på korleis dette kan gjerast enklare – nemleg med litt Möllers Tran kvar dag. 
_
1. Stoppeffekt/blikkfang: Olaf Tufte. Han er ein kjendis, og kjendisar har rykte på seg for å få folk til å stoppe opp, tiltrekkje seg oppmerksemd.
2. Bildespråk: Det er ein fargefilm der kameraet følgjar Olaf Tufte på hans joggetur og heim igjen. Han joggar gjennom hagar, eit senter, ut av ein buss, og mange andre stader.
3. Grafisk språk/layout: Det er fokusert på å la filmen vere lys og roleg. Den einaste skrifta i heile snutten er slagordet på slutten: "Det finnast ingen snarveg til god helse", og det partiet i reklamen minner unekteleg om Norvegia-reklamen; produktet, produktnamnet og slagordet.Også her er bakgrunnen teke ut av fokus slik at vi konsentrerer oss om tranflaska.
4. Lesbarheit: I byrjinga forstår ein ikkje nøyaktig kva det reklamerast for. Alt vi ser er Olaf Tufte på joggetur, og det er først når han tek tranen ut av kjøleskapet at vi skjønnar det; tran.
5. Andre språklege bildar:  
- Humor/ironi: Ironi er å si det motsette av kva ein meinar, og det er nettopp det Tufte gjer her. Han seier, og lèt som, at han tek snarvegar, men i verkelegheita gjer han jo ikkje det. På denne måten legg sjåarane betre merke til handlinga i filmen. 
- Gjentaking: Tufte tek ikkje berre ein snarveg, men juksar fleire gonger.
- Slagord/ordspill: ”Det finnast ingen snarveg til god helse.”
- Kjendisknepet: Reklamen tilrekkjer seg oppmerksemd ved å nytte seg av ein kjendis i reklamen. Vi får opplyst at Olaf Tufte er OL-vinner i roing.
- Livsstilsknepet: "Dersom du vil ta vare på kroppen din, må du..." er til dømes ein måte å få folk til å kjøpe helseprodukt på. I denne reklamen seier Tufte dette: ”Det finnast ingen snarvegar om du vil oppnå noe, sånn er det med helsa også. Derfor tek eg Möllers Tran kvar einaste dag…” Utsegnene fungerer på same måte.
- Appellativ språkbruk: Tufte snakkar direkte til sjåaren. Han brukar personlege pronomen og modale hjelpeverb som ”må”.
- Ærlegskap: Dei prøver ikkje å skjule at tran smakar vondt som ein ofte gjer når produktet ikkje er så godt, men Tufte seier: ”Det smakar tran, men det er det som fungerer.” Å seie at det ”smakar tran” er ein pen måte å seie at det ikkje er særleg godt på, og ærlegskap rundt det aktuelle produktet  er positivt.
- Ljos og fargebruk: Det er brukt ljose fargar for å symbolisere reinleik som det ofte gjerast i samband med helseprodukt.
Bodskap: Om du berre tek snarvegar i livet, både når det gjeld vanlege ting og helse, oppnår du ikkje noe. Derfor er det viktig å gjere ting skikkeleg, og om du drikk ein slurk tran dagleg – sjølv om det smakar vondt – tek du ingen snarveg i helsa, men held deg frisk. ”Det smakar tran, men det er det som fungerar.”
_
Vurderingar: Eg likar denne reklamen. Han har ein behageleg komposisjon, og eg slappar av når eg ser han. Om det skulle vere noe negativt, må det vere at Tufte til tider gjer uttrykk for å vere ein aning uengasjert. Han gir ikkje alt. Hadde han gjort det ville eg forhåpentlegvis fått meir lyst til å kjøpe produktet, da ville reklamen ha dekt punkta i AIDA. Han klarar å skape merksemd (Attention), og delvis interesse (Interest), men ikkje eit ønskje om å eige ei tranflaske (Desire), eller få meg til å kjøpe ho (Action).

Korleis er virkemidla i denne reklamen brukt for å selje eit produkt som i utganspunktet ikkje er så godt likt som ønskjeleg? I mine augo har dei valt ein openbar løysing på dette problemet; å linke produktet til ein vellykka, kjend person. Kjendisen uttalar lovord i samanheng til tran, og vi, menneskelege og kjendiselskande som vi er, reknar med at det han seier er sant. Slik skapast det ein positiv haldning i forhold til tran, og dermed vil han også selje betre.
Av: Merete Stene 

_____________________________________________________________________________
 Kilder:
- http://noddi.com/Norsk/Analyse_reklame_sakprosa.htm
- http://www.youtube.com/watch?v=2lFunOghnfA
- http://www.norsknettskole.no/fag/view.cgi?&link_id=0.2779.2786&session_id=-2&spraak=bm
- http://sammensatt-sandvika.wikispaces.com/beskrive+estetiske+uttrykk+i+teater,+film,+musikkvideo,+aviser+og+reklame+og+dr%C3%B8fte+ulike+funksjoner+knyttet+til+spr%C3%A5k+og+bilde
- http://no.wikipedia.org/wiki/Reklame

5 kommentarer:

  1. Dette var veldig bra, Merete! :)
    Du har med alle punkta som som er naudsynte for å analysere ein reklame, og du har eit oversynleg oppsett. I tillegg har du god nynorsk, og du skriv godt!

    Stå på vidare! :D

    SvarSlett
  2. Fantastisk analyse! Super! Denne står rett og slett til 6 (sjølv om nynorsken ikkje er perfekt). FABULOUS, for å si det på godt norsk! Men eg manglar EIN liten ting - tran smakar jo vondt - det er vel derfor dei har sagt at "det er det som hjelper" Det er ein fin måte for produsentane å selje på - ja, vi veit at det ikkje er det beste (eller lettaste - her kjem snarvegane inn) i verda - MEN... SUpert :)

    SvarSlett
  3. Eg må berre si det ein gong til - du har blitt rågod på reklamar! Og du passar på oppgåva. Fantastisk. Eg vil du skal gå etter 6 i norsk muntleg - ok?

    SvarSlett
  4. Tusen takk! Det har vore morosamt å jobbe med reklame. Eg håpar verkeleg eg kan klare ein 6'er! Det må arbeidast hardt, men det er det som fungerer. :D

    SvarSlett
  5. Hei dere,

    Et viktig poeng til diskusjonen deres er kanskje det faktum at "transmak" ikke er smaken av tran, men av oksidert tran (ødelagt tran). Oljene som tranen består av, smaker nesten ingenting.

    Til alle som tar tran, foreslår jeg følgende: Etter du har helt opp tran i skje, beger eller rett i munnen, TØRK NØYE AV TUTEN PÅ TRANFLASKA! Det vil si, rundt gjengene, i sprekken mellom kanten og helletuten og inne i helletuten.

    Hvis du gjør dette, pluss oppbevarer tranen mørkt og kaldt (kjøleskapet), kommer ikke tranen til å smake "tran" lenger. Jeg har selv gjort dette i mange år og tranen min smaker helt nøytralt fram til siste dråpe!

    4 spiseskjeer tran gir de anbefalte mengde DHA og EPA. Ikke ta mer enn dette pga for mye vitamin A.

    Et siste tips: en bit mørk sjokolade, etterfulgt av tran med sitronsmak, gir faktisk en ganske behagelig smak - prøv selv!

    mvh
    Åsmund

    SvarSlett