- Jonas: Teater
- Caroline: Film
- Eva: Musikkvideo
- Merete: Reklame
- Erlend: Avis
fredag 19. november 2010
torsdag 18. november 2010
USA, here I come!

Jeg tenker å forsøke å prøve på å klare å holde i gang en blogg mens jeg er på den andre siden av kloden. Jeg startet en blogg i mai i år, men de siste månedene har jeg liksom ikke orket å fylle på med interessante innlegg om mitt supre liv. Kanskje jeg gjør det snart? Jaja, om dere er interesserte i å høre mer om dette eventyret jeg begir meg ut på kan dere bare følge med på: www.iloverain.blogg.no.
C u l8r, p9ngr! (...see you later, peninger. Oh Lord, I'm such a nerd.)
- Merete
Ungdom og utsjånad

Eit kåseri om alder
Alder er ikkje berre eit tall, det er også ein livsstil. 18 er ein alder alle gleder seg til heilt frå ein fyller tolv år. Man kan køyre bil, motorsykkel, avgjere over seg sjølv og kjøpe alkohol (ein kan faktisk nyte han og). Men det å fylle 40 er ikkje fullt så kult. Dette er altså eit problem. For kvart år som går blir ein eit år eldre. Merkeleg? I grunn ikkje, sånn er det berre, sjølvom mange ikkje innser det.
Då eg var yngre, hugsar eg kor sakte tida gjekk. No som eg går på vidaregåande skule forsvinn dagane fortare enn eit jagarfly med medvind. Av einkvan grunn blir ein eldre. Eg òg. Sjølvsagt blir eg det, «deal with it», men eldre menneske i ein alder av, til dømes 40, vil ikkje vere meir enn 25. Kva får dei til å tru at verda ikkje går vidare? Følgjer dei ikkje med? Til og med eit spedbarn vil forstå dette. Når vaksne (som dei helst vil bli kalla) innser at dei er over 30, får dei panikken, og lauper rundt i ring. Eg husker da tanta mi blei 40, da bleika ho håret, kjøpte seg rosa joggedress. Ikkje nok med det, hun laga seg også facebook, og begynna å bruke ord som lol og k9z.
Alt dette for at dei skal føle seg yngre. Den psykiske helsa altså, det er alt. Og kva er eigentlig den psykiske helsa? P-sykisk? Eg lurer på kvar p-en kjem inn i bilete, greitt nok er det mange Pappskallar her ute, men kva med resten. Helse er noko ein ikkje eingong kan sjå med det blåtte auget. Kvifor ikkje? Men ein ting som er sikkert, når eg blir over 40 skal eg leve livet på meir normalt vis. Eg skal jo ikkje innom overgangsalderen. Det er trass alt noko ein avgjer sjølv det, iallfall i følgje mor, når ho klagar på far sine rare ider. Det dukkar òg opp mange diskusjonar, til dømes om ein skal pusse opp badet eller soverommet. Dette må vere noko som blir eit problem for dei over 30. Det er tross alt ingen unge par på skulen som kranglar om akkurat dette. Teke litt ut av samanhengen? Kanskje, men poenget er at ein faktisk blir eldre.
Så kvifor ikkje gjere det bestet ut av situasjonen, like gjerne. Kjøp deg ei svart t-skjorte der det står «Halvveges til 80». Sett på Wenche Myhre songen «66 år», gløym «Autofil» eller «ViMenn», no er det «Kamille» eller «Vi over 60» som rår, start ein syklubb. Og når fredagen kjem, kos deg med Julekake og Skavlan på NRK1. Kva for eit herleg liv!
Da har snøen kommet dere!
Er det flere som gleder seg til jul?<3
Nam, kakao :) |
![]() |
Vakkert |
Tussi sine fotspor (kattepusen min) |
- STOR KLEM FRA CAROLINE |
Hardrocker'n Jesus

Den legendariske rockeoperaen Jesus Christ Superstar skriven av Tim Rice (tekst) og Andrew Lloyd Webber (musikk) har denne hausten gått for fulle hust på Hovudscenen på Det Norske Teatret.


I Det Norske Teatrets utgåve av Jesus Christ Superstar ønskjer vi å plassere historia tydelegare i samtida vår. Kven har Jesus rundt seg? Kva gjer han opprør mot? Kven solidariserer han seg med? Og kven er motstandarane hans? Oppsøkjer Jesus Bispemøte eller uteliggjarar, stortingsrestauranten eller Plata? Kven vil samle seg rundt Jesus som disiplane hans, og kven vil dømme han?

Regissør Ulfsby og rockar Husby har funne kvarandre i ønsket om å lage ein versjon av Jesus Christ Superstar som igjen gjer Jesus til ein aktuell opprørar. Scenografi i Jesus Christ Superstar er ved Nora Furuholmen, kostyme ved Even Børsum, koreografi ved Belinda Braza og musikkprodusent er Atle Halstensen.
søndag 14. november 2010
Filmanalyse: Løvenes Konge
Vennskap
I begynninga av filmen ser vi at sola står opp over den Afrikanske savannen, med afrikansk musikk i bakgrunnen. Deretter ser vi at dyra spring, går, hoppar og flyr mot Løveklippen, for å sjå på den nye løveungen. Her er kameravinklane brukt (bruka) forskjellige. Når dei til dømes filmar dei store elefantane, har dei brukt froskeperspektiv, får framheve at dei er store. Det same gjeld Mufasa. Dei har valt å filme i froskeperspektiv får å vise at han er ein mektig løve. Resten av filmen er i hovudsak filma i normalperspektiv, men med noko nærbilete for å få med kva dei gjer, og eit heilt bilete for å vise den fantastiske naturen.
Shakira - Illegal
Temaet er utroskap, svik, og det å gje men å ikkje få noko tilbake. Dette kjem tydeleg fram i både sangteksten og musikkvideoen. "Who would have thought that you could hurt me.. the way you've done it, so deliberate, so determined.." Det er desse linjene Shakira startar songen med, og det tydeleg at det er han som har såra henne.
Filmen vart spila inn i Mexico City, 17. oktober 2006. Handlinga føregår i ein bokse hall, vi ser at Shakiras kjærast er ein boksar , og vi får sjå tilbake på gode stundar dei har hatt. Kva som skjer i musikkvideoen og det ho syng er sterke kontrastar heilt opp til slutten av musikkvideoen, og det gjer at ein blir noko påverka av teksta, og ein får lyst til å sjå ferdig, og finne ut korleis dette utviklar seg.
Det vekslar mykje mellom provoserande og urolege bilete, når to boksere slost i ringen, og når det bryt ut i ein kamp mellom publikum seinare i videoen, og rolege, sårbare bilete, når vi berre ser Shakira, eller når ho pleier han etter ein kamp.
Heilt i starten er det brukt rask klipphastighet, og det er ikkje filma stødig. Dette gjev oss innblikk av at noko skjer, og vi før nestan ei kjensle av å vere på boksekampen. Det blir filma i svart kvitt, og av heile settingen får ein ei kjensle av at handlinga ikkje føregår i nåtid, men at han er sett til noko rundt 60-talet.
Når kameraet er på Shakira, vekslar det mellom å vere langt unna og heilt nær ansiktet hennar. Kor tett opptil vi kjem ein person i ein musikkvideo har mykje å seie for der tett vi følar at vi kjem på ein person. I denne videoen er det ein klår fjernhet når Shakira filmast frå hold, medan når vi kjem tett på henne, ser ho aldri direkte i kamera. Dette forsterkar kjensla av denne fjernheten, samstundes som vi kjem tett nok på henne, til å skjønne at ho er sårbar og trist.
Mannen ser vi derimot nestan aldri i nærbilde, bortsett frå når han er i kamp. Dei få gongene vi kjem tett på han, er når han boksar, det er sånn vi blir kjent med han. Det at han er filma mykje medan han boksar gjev ei kjensle av at boksingen er han største prioriteten. I starten av videoen blir filma han frå sidan og bakfrå, igjennom dette blir han framstelt som ein sterk person. Han blir òg filma i froskeperspektiv, som gjer at han virkar mektig. Plutseleg snur dette når han tapar kampen. Då er sit han, og Shakira står føre han, og ho blir framstelt som den høge og sterke og han den svake sårbare.
Det er brukt mykje jordfarger i videoen, svart, brunt og grått går igjen saman med kvitt og ferskenfarget. Igjennom heile videoen er det lagt på ein effekt så det ser litt blurry ut, og det er vanskeleg og si om det skal virke drøymande, eller som ein avstand. Éit anna verkemiddel som er brukt, som eg ikkje la merke til før eg hadde sett meg ordentleg inn i videoen, er at igjennom heile videoen, i blant alle menneska som er der, er Shakira den einaste kvinna. Dette kan tyde på, at ho følar seg som den einaste kvinna i liva hans. Difor blir det ein ekstra kontrast når det plutseleg dukkaren opp ein anna kvinne på slutten. Den tydelegaste kontrasten i filmen er Shakira i ein raud kjole, som ser ei ukjend kvinne i blått kome inn og kysse kjærasten hennar etter han har vunne kampen. Fargevalgene på kjolane er nok ikkje tilfeldige, Shakira i den raude kjolen sin kan vere eit symbol på kjærleiken hennar for mannen, ho var der òg når han tapte, og som ein kontrast til dette blir blå ein kald farge samstundes som han kan forbindast med rikdom, ville denne kvinna ha vore der om han tapte?
Det er ein klår saman heng mellom teksta og videoen, men det kjem ikkje fram før heilt på slutten. Etter å ha jobba mykje med dette, har eg òg skjønt at heile videoen er éit tilbake blikk på den kvelden kor Shakira fann ut at mannen var utro, men dette skjønte eg ikkje før eg la merke til at heilt på slutten, når Shakira snur seg og går ut, og det plutseleg ikkje er nokre menneske rundt henne.
For meg, er det heilskapen som gjer sterkast inntrykk, men viss eg skal fokusere på musikkvideoen tyder ikkje teksta så mykje, medan viss eg fokuserer på teksta tyder ikkje musikkvideoen så mykje. Det som gjer det heile litt vanskeleg å seie er at Shakira syng om kva ho følar i ettertid, men heilt fram til slutten av videoen trur vi at videoen er nåtid og ikkje éit tilbakeblikk.
fredag 12. november 2010
Kåseri om årstidene
Idag har vi hatt i oppgave av vår norsklærer å skrive et kåseri på nynorsk. Jeg har ikke skrevet så mye innen denne sjangeren tidligere, så dere må gjerne si hva jeg kan gjøre for å bli bedre innen sjangeren.
Her kommer hvertfall kåseriet mitt:
--ERLEND--
torsdag 11. november 2010
Sjokkerande bileta frå norske pelsdyrfarmar!
mandag 8. november 2010
Taylor Swift - Love Story
Kilder:
http://www.youtube.com/watch?v=8xg3vE8Ie_E&ob=av2e
http://www.metrolyrics.com/love-story-lyrics-taylor-swift.html
http://en.wikipedia.org/wiki/Love_Story_(Taylor_Swift_song)
http://wiki.answers.com/Q/What_instruments_are_played_in_the_song_love_story
Og tusen takk til Cathrine Bjelke, du var til stor hjelp!
-Eva
fredag 5. november 2010
Filmanalyse: The Notebook
The Notebook
Tittel: The Notebook (Dagboken)
Sjanger: Kjærlighet, drama
Skuespillere: Gena Rowlands, James Gardner, Rachel McAdams, Ryan Gosling
Utgivelses år: 2004
Varighet: 2 timer

Kostymer:
-http://www.filmweb.no/trailere/article70440.ece
- http://www.nfi.no/barnunge/skolefilmutvalget/filmanalyse.html
-Wikepedia
-http://www.lydogbilde.no/the-notebook.4600001-45380.html
