Sider

Om oss

Hei, folk!

Vi er fem elevar ved Sandvika vidaregåande skule som saman har danna norskblogg1.blogspot.com. Dette er eit oppdrag vi har fått av norsklæraren i norskfaget, og utover hausten skal vi ta for oss tekstanalysering av film, teater, avisar, reklame og musikkvideoar - så det er berre å glede seg! Kvar og ein av oss har fått tildelt eit hovudtema; Caroline har film, Eva har musikkvideo, Merete har reklame, Jonas har teater og Erlend har avisar. Her er det mye spennande å ta tak i.

I tillegg til dei obligatoriske, norskrelaterte innlegga, vil det også vere personlege postar om vårt kvardagsliv; Caroline skal til dømes sjå Fritt Vilt i kveld kl. 21.

Alle i klassa vår har laga blogg, og vi vil ha mest views og kommentarar - SÅ KJØYR PÅ! Å halde bloggen i gang er vår førsteprioritet, og oppmuntrande kommentarar og andre tilbakemeldingar er hjarteleg velkomne! Stay tuned!

Masse kjærleik frå Caroline, Eva, Merete, Jonas og Erlend.